Sandeid ungdomslag vil takka alle medverkande i Elvisprosjektet vårt, «Kjærleik, hat og rock’n & roll». Både me som har produsert det, og publikum har hatt gode opplevingar. Takk til alle.
Nye prosjekt er på gong både for vaksne og barn/ungdom. For kort tid sidan fekk me rettane til stykket for barn/ungdom som skal ha premiere laurdag 1. desember kl. 1400 på Sandeid samfunnshus. Me vil ha nokre plassar til nye som har lyst å spela teater – så berre ta kontakt allereie nå. Tenk også gjennom kva du som føresett kan bidra med under produksjonen. Sjølvsagt treng ein ikkje ha barn/ungdom med sjølv for å vera med i teatergruppa. Alle som har lyst å vera med i eit aktivt og kreativt miljø er veldig velkomne.