Takk til alle i Hakkebakkeskogen- takk til publikum

På mange måtar er det med vedmod ein lar teppet gå ned for siste førestelling. Mykje arbeid og terping på replikkar er historie, men også mange gode minne tek me med oss. Som ein av skodespelarane sa det: «Det var nå me skulle hatt eit nytt stykke!» Gode tilbakemeldingar som gir fornya energi og pågangsmot. Det er viktig at kulturlivet er allsidig, og at der er eit  tilbod til alle, og at ein også i framtida verdset dei ulike tilboda me har i nærområdet.
Me har tankar om neste sesong, men foreløpig må dei godgjera seg litt.

Til sommaren jobbar me med å laga til Sommarteater skule første veka i sommarferien. Då tek me i bruk heile samfunnshuset i Sandeid, og med profesjonelle krefter vil me gi eit strålande teatertilbod. Alderen er frå 9 år og oppover.
Me har alt fleire organisasjonar som støttar prosjektet, og me reknar med å få til gode avtalar med næringslivet vårt.
Går alt som planlagt, vil me kunna opna påmeldinga til  Sommarteaterskulen i mars.

Nå blir det ein velfortent pause for aktørar og vaksne i produksjonen.
Me ynskjer alle ei god jul og eit godt nytt teaterår 2019.