Sommarteaterskulen 2020-vel blåst!

Sommarteaterskulen 2020

På oppsummeringa etter Sommarteaterskulen var det mange lovord å høyra. Instruktør Jan Fredrik Grøndal Henriksen kunne ikkje få fullrost nok desse flotte teateraktørane, og deltakarane gav flotte tilbakemeldingar til Jan Fredrik- me vil ha deg igjen neste år! Og det skal me sjå om me ikkje fårt til 23. – 24. – og 25. juni 2021 set me av til Sommarteaterskulen 2021.

Det var veldig kjekt at Solgunn Liestøl frå Rogaland ungdomslag kom til «premieren» på den vesle framsyninga me hadde. Rogaland ungdomslag er medarrangør av arrangementet. Takk og til Noregs ungdomslag som ga oss gjeseteinstruktør dette året også.

Me vil og takka alle gode hjelparar, enten dei laga svele, boller eller vaska opp. Kjekt har me alle hatt det. Me vil og retta ei takk til sponsorane våre denne gongen, Etne sparebank og SR-bank, Ølen. Sandeid ungdomslag vil og få takk instruktøren vår, Jan Fredrik for at han på ein så god måte tek seg av unge talent på. Hurra for deg! Så er det berre å nyta minna frå Sommarteaterskulen 2020.