Putti klar for siste framsyning i Sandeid og turnè til Fitjar og Rosendal

Då går me inn i den siste hektiske veka før jul. Me skal ta farvel med publikummet vårt  her heime før me reiser på ein turnè til Fitjar kultur -og idresttsbygg laurdag 9. desember kl. 1500, og Rosendal samfunnshus søndag 10. desember kl. 1400.

Har hatt kontakt med både Fitjar og Rosendal som seier at der kjem masse folk. Me syns det er veldig kjekt at Putti engasjerer eit publikum langt utover vårt eige.

Me får seia som radio 102—Sandeid Barne -og ungdomsteater står på for deg!

Takk til alle som er komne til nå- resten ser me på onsdag her på Sandeid samfunnshus kl. 1800.

Velkommen!