Då forlet me året 2019 i fint driv. Ungdomslaget har nettopp lagt bak oss ein stor Kardemommebysuksess- takk til alle alle i produksjonen, og ikkje minst takk til publikum som kom og såg på oss i ei travel førjulstid.
Men me kviler ikkje lenge- januar vert ein hektisk månad fram mot neste premiere:
«Panikk på pensjonatet»– premiere på Sandeid samfunnshus, laurdag 8. febr. 2020!
Då håpar me på å sjå deg- billettar vert lagde ut medio januar 2020.