Fredag 3. februar kl. 2100. Pøbbkveld etterpå med trubadur Karoline Taraldsøy.
Velkommen!
Gratis inngong for alle dei som har vore på teater- elles kr. 100,-.
Med eit persongalleri på 8 fantastiske, unike rollefigurar vil det bli litt av eit kaos når desse møtetst på scenen. Otto er lukkeleg gift med sin Jenny. Ho jobbar i helsevesenet og han er tankbilsjåfør hos Tine. Den store lidenskapen er campingvogna som er fast stasjonert i distriktet. Titti er eit merkeleg vesen- som i tillegg er postbod. Ikkje berre lett å jobba i ein trua bransje. Ho har det for vane å ta lunsjpausen hos Jenny når det passar seg slik. Det passar alltid for Titti, ikkje alltid for Jenny.
Otto sine foreldre, Werner og Karen Margrethe er lite nøgde med Jenny- litt for kvardagsleg-litt for sjuskete kledd. Sjølv driv dei med pagpegøyar- ein rådyr hobby.
Handlingar tek til å rulla då Titti finn Lottokupongen til Jenny, med tydelege markeringar på 7 rette. I iveren etter å springa med sladder kjem ho til å ta kupongen med seg ned til Panikk Paul som driv den lokale sportsbaren. Den halv, kanskje heilkriminelle Alf får snusen i dette, og saman med «sin utkårede», Birthe, legg dei ein plan for å få tak i pengane. Hypnose som brevkurs blir sentral når han dukkar opp som Otto sin hemmelege bror frå Amerika. Mor til Otto nektar for at ho skal ha ein son til, faren, Werner har større problem når denne framtoningen dukkar opp.
På rollelista finn me i år:
På scene: Jane Elin Owe, Ole Marthin Owe, Hilde Margrethe Owe, Heine Andrè Skram Løhaugen , Liv Anne Gryte, Tor Helge Selvaag, Roar Breivik og Ingrid Marie Dale
Pøbbkveld- med Karoline Taraldsøy fredag 3. februar. Pøbbben opnar kl. 2000. Framsyninga tek til kl. 2100
Laurdag 4. februar spelar ein komedien på Siddis-stova. Dette er Bul – Stavanger sitt lagshus.
Billettar til alle framsyningar kan reserverast her på heimesida og kjøpast hos Sandeid Bensin AS eller kjøpast ved inngongen.