Onsdag 20.05.2020 fekk Sandeid ungdomslag avvikla årsmøtet 2020. Årsmeldinga viste at ein også i fjor hadde eit godt aktivitesnivå. Det er mange arrangement ungdomslaget bidreg, og ein har som visjon at ein skal arbeida for eit aktivt og allsidig bygdemiljø. Laget er alltid interessert i å få innspel til gode aktivitetar, og laget har visjonar for det komande arbeidsåret.
Velkommen som medlem. Som medlem har du tilgang til reduserte prisar på alle våre arrangement, men kanskj viktigast av alt så gir ein laget støtte og inspirasjon. Medlemsskap kan ein teikna her på sida eller ved å ta kontakt med Anita Marvik Gjerde. Veldig kjekt om du vil vera med på laget.