KNALLKJEKT

Kurspris inkl. lunsj:

Medlemmer: 150,-          Ikkje medlemmer: 200,-

Påmelding innan 13. februar på heimesida til Sandeid ungdomslag: Sandeidul.no

Spørsmål? Bruk Sandeid ul si FB-side.

Velkommen til aktivitetslaurdag for unge!

Laurdag 19. februar frå kl. 1000-kl. 1500 blir det kursdag for nokon kvar. Likar du Linedance er det lurt å ta turen. Det same må du gjera dersom du likar å stella med teatersminke eller å laga mat på bål. Det er snart vår, og ingen ting er kjekkare enn å kunna laga eigne floger til fisketuren. Me har Vindafjord jeger og fisk med på laget for å læra oss den kunsten!

Kurs i:

Linedance

Mat på bål

Teatersminke-effektsminke

Flogebinding