«Reisen til julestjernen» av Sverre Brandt

Det mest julete av alle julestykke så er «Reisen til julestjernen» i særklasse. Denne juleklassikaren har gått på Nationalteateret i Oslo i mange, mange år, og stykket er også filmatisert 2 gonger.

Me gler oss stort til å møta prinsesse Gulltopp, Kongen, Magister, den onde Greven og alle dei andre som arbeider ved hoffet til Kongen.

Øvingane tek i år til på torsdagar og går frå kl. 1730-1900, med oppstart 27. august. Siste månaden vil ein øva to gonger i veka, og me vil og leggja inn eit par øvingshelger i øvingsplanen. Då må ein og rekna med at øvingstida vert litt utvida.

Det er Jane Elin Owe, Annbjørg Falkeid og Jostein Apeland som skal leia øvingane. Du må gjerne ta kontakt med ein av oss dersom det er noko du lurer på.

Me har sett 9 år som ei nedre grense for deltaking.

Vaksne

Me vil gjerne knyta til oss vaksne- gjerne då som aktørar saman med barna på scenen, eller bak scenen. Då kan det vera på det tekniske(lys -lyd), kostyme, scenearbeid og anna organisering.