Sommarteaterskulen- ein suksess!

17 unge teaterspirer hadde 3 lærerike dagar saman med teaterinstruktør Jan Fredrik Grøndal Henriksen frå Asker. Dei jobbar mellom anna med improvisasjon, scenekamp og skodespelarteknikk. Som avslutning inviterte dei foreldre, søsken og besteforeldre på ei lita framsyning kor dei fekk vist litt av det dei hadde vore igjennom på sommarteaterskjulen. På evalueringa etterpå kom det fram mange positive tilbakemeldingar. Einaste ulempen var at dei måtte venta eitt år på neste Sommarteaterskule.