Godt driftsår for Sandeid ungdomslag

På årsmøte 18. februar la laget fram eit godt driftsår. Laget er med på mange aktivitetar som er med å skapa eit allsidig bygdemiljø.

Laget ser framover, og planlegg Sommarteater skule på Sandeid 25.-27. juni 2019. Dette er eit samarbeid med Rogaland ungdomslag, og me er heldige som har fått teaterinstruktør Jan Fredrik Grøndal Henriksen som ein av instruktørane på sommarteaterskulen.

Vidare planlegg ein ein konsert, og barneteatersesogen er under planleggjing.

Formannsskifte

Etter to år takka Sissel Årak av som formann. Takk for innsatsen som formann og som styremedlem i nærare 15 år. Takk også til Vibeke Selvaag Løhaugen for innsatsen som Barne -og ungdomsleiar gjennom 4 år.

Nye i styret vert Liv Anne Gryte. Ny er også barne -og ungdomsleiaren, Jane Elin Owe. Velkommen som drivande krefter i ungdomslaget.