«Den standhaftige tinnsoldat» av H.C. Andersen med gruppa VRANG!

«Den standhaftige tinnsoldat»
Konsert-teater-lunsj

Laurdag 20. oktober kl. 1400 får me besøk av gruppa VRANG som har famsyning på Sandeid Samfunnshus. Denne dagen får de teater-konsert og lunsj. Lunsj vert servert etter framsyninga. Set av eit par timar til ein litt annleis laurdag .

Billettar er lagt ut på heimesida til Sandeid ungdomslag.no og på Sandeid Bensin AS. Billettar kan du også kjøpa i døra.
Prisen for konsert/teater/lunsj er kr. 150,-/100,- for medlemmer.
Familiepakke max 5 personar kr. 500,-.

Passar frå 6 år og oppover.

Gruppa Vrang likar å vri og vrenge på musikk – og elskar eventyr. Med folkemusikk, dans og rikeleg med fantasi, tek dei oss inn i HC Andersen si klassiske forteljing «Den standhaftige tinnsoldat».

Velkommen til Sandeid samfunnshus denne ettermiddagen.