Spela teater til hausten?

Hei til alle unge teaterspirer!
Sandeid ungdomslag skal til hausten setja opp flotte «Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen», med oppstart tysdag 28. august.
Premiere på Sandeid samfunnshus, laurdag 1. desember kl. 1400. Me kan ta inn nokre nye aktørar denne hausten. Nedre grense for å delta er 4. klasse.
All påmelding til Annbjørg Falkeid:
e-post: Anbjorg.Falkeid@vindafjord.kommune.no
Ved påmelding vil du få tilsendt manus og øvingsplan.
Som føresett er det fint om du allereie nå tenkjer gjennom kva du kan bidra med i produksjonen. Er det andre ungdommar/vaksne som har lyst å hjelpa til er me veldig glade for det. Velkommen til ein flott teaterhaust!