Oppstart Hakkebakkeskogen!

Vil du vera med på «Klatremus, og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen»?
Frammøte på ungdomslagsrommet- Gamleskulen i Sandeid tysdag 30. august, kl. 1730-1930.
Alder frå 4. klasse. Me vil og ha med 2-3 vaksne.
Gi beskjed dersom du vil hjelpa til med saker og ting.Likar du å jobba med kostyme, svinga symaskina- jobba på scena, med sminke-PR-foto? Du treng absolutt ikkje ha ungar som er med for å engasjera deg. Likar du å vera i eit aktivt miljø er teatermiljøet noko for deg. Vaksenteateret treng og alltid hjelpande hender- ikkje nøl, ta kontakt eller møt opp!

Hakkebakkeskogen