Arrangement for alle aldrar-våryr 2017

Våren blei rik på arrangement i Sandeid ul sin regi. Først ut var Monica Hundseid med sitt villmarksføredrag. Ho fortalde frå dei ulike ekspedisjonane sine, og hadde med seg utstyr og hund. Ho skal nå snart på tur og spør om du er klar: Ready for an unique The NorthWest Passage Expedition? https://www.facebook.com/moapaatur/

Sylfest Lomheim er språkets mann og har vore i teneste for språket i heile sitt vaksne liv. Han hadde mange tankar om det språket som vert snakka, og den påverknaden ansikt til ansikt samtalen har. Skal ein verkeleg få noko gjennom, skal ein overbevisa er det den direkte talen som duger. Turen til Sandeid var ein del av Rogalandsturnèen som Rogaland ungdomslag har fått i stand. I overkant av 200 språkglade møtte Lomheim på turen. I Sandeid fekk publikum også kulturinnslag ved FYK og god kveldsmat etterpå.

FYK dei unge sin arena. For ein ressurs me har bygda Imsland. Dei 5 bandmedlemmene skapte live og røre og engasjerte publikum til fulle! Dansegolvet var fullt heile kvelden av ungdommar som likte å komma saman, likte musikken og likte å utfalda seg på dansegolvet. Her kunne det vore veldig mykje meir folk.