FYK- lokale heltar møter ungdommen

Ungdomsdans med FYK i Sandeid

 

Ungdomsdans for den yngre ungdommen er ei sjeldan vare. Det vil Sandeid ungdomslag, i samarbeid med Vikedal og Midtbygdens ungdomslag gjera noko med. Fredag 24. mars byr me opp til dans i storsalen på Sandeid samfunnshus!.  Håpar at veldig mange hiv seg rundt og lagar dette til ein flott alkoholfri treffstad for ungdom. Aldersgrense har me sett til 8. klasse,- men me håpar jo at også  ungdom som er litt over ungdomsskulealder tek turen for å høyra på FYK som er eit fantastisk  band frå kommunen.

FYK er eit band frå Imsland beståande av fem ″menn″ i alderen 19-23år. Nesten heile bandet er i slekt, samt 80% bur i byggefeltet i Imsland. Derfor er det ei gleda for bandet å koma seg ut av bygda, og endeleg få spela på legendariske Sandeid Samfunnshus. Bandet starta for 1,5 år sidan etter fleire jamkveldar i kjellaren heime til foreldrene.

Det siste året har bandet spelt konsertar på blant anna Sommarfestivalen i Vikedal, Sola, pubkveldar og på Old River Saloon. Med i besetningen er Erik Nordtveit Åsheim på trommer, Henning Nordtveit på gitar, Helge Hummervoll på bass, Håvard Ersland på piano og Jarle Nordtveit Åsheim på vokal og gitar. Bandet spelar alt frå boogie-woogielåtar frå då foreldrene deira vart fødde, norske slagerar, og nyare musikk som vil slå an i Sandeid. I tillegg spelar bandet noko eigenprodusert musikk. FYK er klare for ein forrykande kveld i Sandeid.