Sylfest Lomheim til Sandeid
Billettar får du ved inngongen- på Sandeid Bensin og her på heimesida under billettar. Velkommen.
Den fysiske samtalen er den viktigaste! Språkforskar Sylfest Lomheim tek for seg korleis samtalen mellom folk har endra seg frå «tidenes morgon» og fram til i dag då den digitale kommunikasjonen er på frammarsj.
Utgangspunktet for føredraget er boka Tale er gull– som handlar om korleis den raske teknologiske utviklinga påverkar kommunikasjonen mellom menneske, og då spesielt den fysiske talen, ansikt til ansikt.
Det han har på hjartet, er viktigare enn nokon gong. -Mennesket er i ferd med å bli slukt av kommunikasjonsteknologi. Eg er ikkje imot teknologien, seier Lomheim. Men dersom teknologien tek styringa over oss, sluttar vi å vera det biologiske vesenet me har vore i fleire hundre tusen år.
Ein av fire unge synest det er viktigare å vera oppdatert på Facebook enn å treffa venner. – Det er eit hån å kalla det sosiale medium for sosialt, seier tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim.
Og så er han oppteken av Trump. Kva signal sender han ut? Kva med kroppsspråket? Språket til Trump kjenneteiknast av at det er sleivete, upresist, og utan logisk samanhang. Det er prega av total mangel på presisjon, seier Sylfest Lomheim. Han samanliknar språket til Donald Trump med språket til ein som står i baren og veivar ut påstandar.
Sylfest Lomheim er norsk språkvitar og folkeopplysar frå Hafslo i Sogn. Frå 1. januar 2004 til 1. september 2010 var han direktør for Språkrådet.
Lomheim er utdanna som filolog ved Universitetet i Oslo. Han var i mange år knytt til Høgskolen i Agder, der han mellom anna underviste i omsetjingsteori ved fagomsetjarstudiet. Frå 1987 til 1992 var han rektor ved høgskulen. Han har òg hatt arbeidsopphald i Frankrike.